Dagleg leiar

Då vår daglege leiar skal ta fatt på ei ny utfordring i ein annan bransje, søkjer vi ein ny leiar som kan vere med å løfte Fiskevegn vidare.

Fiskevegn ventar vidare vekst og utvidar den lokale produksjonen. Selskapet har solide røter i den maritime kompetanseklynga i Nordfjord og Sunnmøre. Vi er kjende for innovasjon, kundetilpassa produkt av høg kvalitet, leveringsevne, samfunnsengasjement og gode relasjonar til kundar og leverandørar. Bedriftskulturen er uhøgtidleg, raus, problemløysande og langsiktig tenkjande, spegla i lojalitet og trivsel i og omkring selskapet.

Som leiar i Fiskevegn vil du vere ein pådrivar for lønsemd, trivsel og utvikling, og forvalte selskapet sitt sterke omdømme. Du vil møte spanande utfordringar som spydspiss for eit kompetent og framtidsretta miljø. Du vil ha rutinerte kollegaer som er vande til å ta ansvar og levere resultat, og ha god støtte frå styre og eigarar. Stillinga inneber internasjonal reiseaktivitet.
Du må ha føresetnader for å kunne leie ei moderne produksjonsverksemd med internasjonal aktivitet, trivast med høgt ambisjonsnivå, og ha evne til å motivere og inspirere staben. Du bør ha god forståing for relasjonsbygging og marknadsutvikling, produksjon, teknologi og økonomi, vere språksterk, ha gode leiareigenskapar og proaktiv leiarstil.
Vi kan tilby konkurransedyktige vilkår og ei viktig rolle i eit internasjonalt velrenommert, solid og veksande selskap.

SØKNADSFRIST 15. JANUAR 2019

Spørsmål kan rettast til Helge Solheim på tlf. +47 406 07 674 eller Hans Mustad på tlf. +47 913 87 002.
Du kan vise interesse for stillinga ved å sende CV og søknad til Elisabeth Henriksen, elisabeth@fiskevegn.no.
Interessemeldingar og søknader vert handsama konfidensielt.


Similar searches: Executive Positions, Norway, Management, Production