Vikarlærar i naturbruk

Arbeidsstad
Fræna vidaregåande skole ligg i Elnesvågen - 25 km frå Molde. Skolen ligg vakkert til ved Romsdalskysten med lett tilgang til både fjord og fjell. Skolen har ca 400 elevar og tilbyr både studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram. Skolen står for kunnskap og trivsel i eit miljø prega av kvalitet og likeverd.
 
Skolen er i stadig endring med nye og spennande opplæringstilbod og vi legg mykje arbeid i internasjonalisering, samarbeid med næringslivet og tilpassa opplæring. Sjå presentasjonsfilm av skolen på youtube, søkeord Fræna vgs.
 
Opplysningar om stillinga
Vi ser etter ein person som likar å jobbe med ungdom i ein aktiv skulekvardag på sjø og land. Du må vere løysningsorientert og kunne jobbe sjølvstendig og i team.
 
Undervisninga vil vere i programfaga Naturbasert aktivitet, Naturbasert produksjon og Yrkesfagleg fordjupning.
 
Dette er eit vikariat ut skuleåret med oppstart 1. februar 2019, men stillinga kan bli fast.
 
Krav til kompetanse
  • Undervisningsningskompetanse i programfaga på Naturbruk
  • Navigatørsertifikat/Båtførar-sertifikat
Vi vil legge vekt på at den som blir tilsett er personleg eigna til arbeidet.
 
Erfaring
  • Undervisningserfaring
  • Fiskerileratert/maritim erfaring og interesse
  • Anna relevant erfaring/utdanning/fagbrev innan Naturbruk
Vi tilbyr
  • Eit godt fagleg og støttande kollegialt miljø 
  • Personleg og fagleg utvikling
  • Sertifikatgivande fartstid på undervisningsfartøy o/15m
  • Nødvendige oppgraderingskurs for navigatørsertifikat
  • Offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i SPK)
  • Løn etter avtale
 
Tilsettinga er elles på fylkeskommunale vilkår og i tråd med gjeldande lover, avtaler og reglement.
 
Mangfald/ Mangfold
Møre og Romsdal fylkeskommune har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med etterspurt kompetanse er velkomen til å søkje ledig stilling hos oss.
 
Søknad
Møre og Romsdal fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du sender elektronisk søknad.
 
Søkarliste / Søkerliste
Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli offentleg sjølv om søkar ber om anonymitet jf. Offentleglova § 25,2. Om dette blir tilfelle, vil vi ta kontakt med søkaren før offentleggjering.
 
Politiattest
Den som blir tilsett må levere politiattest jf. opplæringslova §10-9.

Similar searches: Education, Norway, Other