Prosjektleiar for nytt opplæringsfartøy

Save
You need to sign in or
create an account to save a job.

Måløy vidaregåande skule har ledig ei utfordrande og spennande toårig mellombels stilling som prosjektleiar for bygging av nytt opplæringsfartøy. Om du har kvalifikasjonar som maskinsjef eller skipper kan det vere aktuelt med fast tilsetting, der du får ansvar for drift og vedlikehald av fartøyet når dette er på plass.

Prosjektleiar har det operative ansvaret for prosjektet, og oppgåver som:

  • stå for dagleg leiing av prosjektet
  • utvikle prosjektmål og motivere heile prosjektorganisasjonen til å arbeide mot fastlagte felles mål
  • utarbeide framlegg til prosjektplan og leie framdrifta i prosjektet
  • fylgje opp ressursbruk, framdrift og prosjektrekneskap mot planar og budsjett og rapportere status og ev. avvik
  • gjennomføre prosjektintern kvalitetssikring, risikoanalyse og risikostyring
  • planlegge, organisere, styre, samordne og integrere den totale prosessen og sikre god kommunikasjon og regelmessig informasjon til alle deltakarane i prosjektet
  • koordinere brukarmedverknad, frå planlegging til aktiv medverknad fram til overtaking
  • definere miljøkrav og ev. relevante sertifiseringar ved oppstart av prosjektet, og fylgje opp desse i gjennomføringa av prosjektet
  • ta i vare byggespesifikasjon og sjå til at arbeid på fartøyet vert utført på ein tenleg måte og med høg standard.
  • delta i byggetilsyn som inneber inspeksjon og ettersyn av konstruksjon og utrustning
  • delta i arbeidet med klargjering av fartøyet for overtaking frå verft i høve nødvendige sertifikat frå skipsregister, sjøfartsmyndighetene, klasseselskap og leverandørar

Krav til kompetanse

  • relevant ingeniørutdanning eller høgare utdanning minimum teknisk fagskule/høgskuleutdanning tilsvarande sjøkaptein eller maskinsjef
  • erfaring frå prosjektleiing og byggetilsyn av tilsvarande prosjekt
  • Det er vidare ønskjeleg med erfaring frå fiskeri.

Personlege eigenskapar

  • positiv og engasjert
  • samarbeider godt og deler kunnskap
  • løysingsorientert og evne til å ta sjølvstendige avgjerder
  • evne til å skape gode relasjonar til interne og eksterne samarbeidspartar
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne – flink til å kommunisere
  • god evne til å koordinere og drive fram prosjekt

For stillinga gjeld

  • løn etter avtale
  • fylkeskommunale tilsettingsvilkår
  • gode forsikrings- og pensjonsvilkår
  • 6 månaders prøvetid
  • fleksibel arbeidstid
  • det må påreknast noko reiseverksemd i stillinga
  • Den som blir tilsett må legge fram politiattest av nyare dato, jf. opplæringslova §10-9. Attesterte kopiar av vitnemål/attestar vert å leggje fram ved ev. intervju.

Nærmare opplysningar om stilling:

  • Avdelingsleiar for maritime fag Eivind Birknes mob 976 72 355
  • Rektor Åsta Navelsaker Røed mob 415 30 837
  • Arbeidsstad: Måløy vidaregåande skule

Søknadsfrist: 24. april


Similar searches: Education, Norway, Management