Aksello søkjer prosjektleiar innan havbruk

Save
You need to sign in or
create an account to save a job.

Har du erfaring innan havbrukssektoren og ønsker å arbeide i eit innovativt og spennande miljø? Då har Aksello ei stilling som bør interessere deg.

Aksello AS er eit innovasjonsselskap med hovudmerksemd på å skape og sikre arbeidsplassar på kysten av Sogn og Fjordane. Havbruk er ei næring for framtida, og vi ynskjer å styrke teamet vårt med ein erfaren medarbeidar innan dette viktige området.

Første oppgåve blir å gjennomføre eit forprosjekt for meir samarbeid mellom havbruksaktørane i regionen, både mellom bedrifter, lokale styresmakter og akademia. Målsettinga er større verdiskaping, berekraftig utvikling og større sysselsetting i næringa.

Aksello etablerer no eit prosjekt for å legge til rette for dette. Til å leie arbeidet søker vi ein person med erfaring innan havbruk og kunnskap om offentleg forvaltning.

Arbeidsoppgåver:

Formulere og gjennomføre Havbruksprosjektet , inklusive:

  • Sikre deltaking i prosjektet frå relevante og gode aktørar.
  • Sikre samarbeid med eksterne partnarar nasjonalt og internasjonalt
  • Sikre finansiering til prosjektet sine ulike aktivitetar
  • Koordinere framdrifta i prosjektet og rapportere til finansierings­partnarar og andre
  •  Framsnakke havbruksektoren og moglegheitene der i både interne og eksterne fora

Prosjektleiaren må rekne med å delta i løysing av oppgåver innan Aksello sine øvrige forretningsområde, som rådgjeving til inkubatorverksemder, arrangering av møteplassar osb.

Kven er du?

Vi søker ein person som:

  • Har høgare relevant utdanning
  • Har kunnskap og nettverk innan havbruksnæringa i Sogn og Fjordane
  • Har erfaring frå prosjektleiing
  • Har kjennskap til verkemiddelapparatet og offentleg sektor
  • Er resultatorientert og jobbar systematisk og godt - både sjølvstendig og saman med andre

Vi ser etter nokon som har kommersiell forståing og samtidig kan sjå havbruksnæringa frå lokale styresmakter sin ståstad, samt evne til å skape tillit og gode relasjonar.

Vi kan tilby:

  • Ei svært spanande og sjølvstendig stilling der du kan gjere ein stor skilnad
  • Stor kontaktflate mot næringslivet, offentlege styresmakter og andre
  • Innovativt miljø og moderne kontorlokaler i Florø sentrum
  • Konkurransedyktige vilkår, inklusive fleksitid og god pensjonsordning

Kontaktperson: Lone Bareksten

Mobil: 472 62 635


Similar searches: Aquaculture, Norway, Management