Inspektør

Save
You need to sign in or
create an account to save a job.

Interessert i marin forvaltning? Vi har ledig fast stilling som inspektør ved region Vest sitt kontor i Bergen

Fiskeridirektoratet skal fremje lønsam og verdiskapande næringsaktivitet gjennom berekraftig og brukarretta forvalting av marine ressursar og marint miljø.

Vi samarbeider nært med forskingsinstitusjonar, næring og offentlege styresmakter nasjonalt og internasjonalt. Fiskeridirektoratet har om lag 450 tilsette, noko over halvparten arbeider i dei fem regionane og resten ved hovudkontoret i Bergen.

I Fiskeridirektoratet er det eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssammensetnad, samt å rekruttere personar med innvandrerbakgrunn, personar med nedsatt funksjonsevne og enkelte manglar i CV. Opplysingar om dette kan bli brukt til registreringsformål.

Kvalifiserte kandidatar med ulik utdanning, arbeids- og livserfaring oppfordrast difor om å søkje.

Om stillinga
Fiskeridirektoratet region Vest søkjer etter inspektør med konstorstad Bergen. Arbeidsoppgåvene vil vere retta mot operativt arbeid innan ressurskontroll. Dette innebèr kontroll av landing og mottak av fisk, kontroll på sjø og elles anna kontroll retta mot uttak av ressursane i havet.

Stillinga innebèr vesentleg reiseverksemd og det er difor eit krav at den som vert tilsett må kunne nytte eigen bil i tenesta. Bilgodtgjersle etter Staten sine satsar.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge og gjennomføre systematisk tilsyn (inspeksjonar og revisjonar)
  • Gjennomføre inspeksjonar innan ressurskontroll som omsetningskontroll, kontroll av landing og mottak av fisk og elles anna kontroll retta mot uttak av ressursar i havet
  • Gjennomføre registrering og rapportering etter utførte inspeksjonar
  • Stillinga kan bli tillagt andre arbeidsoppgåver

Kvalifikasjonar

  • Fiskerifagleg, nautisk eller kontrollrelatert utdanning
  • Gode kunnskapar om fiskerinæringa
  • Erfaring i bruk av dataverkty
  • Kunne arbeide både sjølvstendig og saman med andre
  • Gode kommunikasjonsevner skriftleg og munnleg, og kunne nytte engelsk i arbeidet
  • Kontrollrelatert yrkeserfaring vil vere ein fordel

Vi tilbyr

  • Stillinga er løna som inspektør frå kr. 450.000,- til kr. 520.000,- pr. år avhengig av utdanning og tidlegare praksis
  • Fleksibel arbeidstid
  • God pensjonsordning og høve til lån i Statens pensjonskasse

Kontaktinfo
Seksjonssjef Roger Aasarmoen tlf: 959 18 129
Regiondirektør Vidar Ulriksen tlf: 918 98 731


Similar searches: Norway, Other, Regulatory