Fiskehelsebiolog

Save
You need to sign in or
create an account to save a job.

Tombre gruppa satsar betydeleg på god fiskehelse og lave lusetall, og me søkjar etter ein fiskehelsebiolog eller andre med kompetanse på lus og fiskehelse. 

Stillinga får ansvar for:

  • I samarbeid med produksjonleiar og fiskehelsetenesta utarbeida og gjennomføra strategiar for god helse og lite lus.
  • Spesielt ansvar for koordinering og behandling av lus, samt kontroll og evaluering. 
  • Spesielt ansvar for planleggje og følgje opp bruken av vill og oppdretta rensefisk. 
  • Medverka i opplæring og kunnskapsformidling innan fagfeltet.
  • Journalføring og rapportering ihht. internkontroll og myndigheitskrav
  • Ansvar for kontakt mot myndigheiter innan fagfeltet
  • Ha utstrekt kontakt med lokalitetar og forvaltninga
  • Inngår i leiargruppa

Vi ønsker ein person med følgjande erfaring og kvalifikasjonar:

  • Fiskehelsebiolog eller annan relevant biologisk utdanning
  • Kjennskap til offentleg forvaltning innan fiskehelse og erfaring med søknad skriving.
  • Du har gode organisatoriske og strukturelle evnar
  • Engasjert, sjølvstendig og handlekraftig
  • Du har gode datakunnskapar

Vi tilbyr:

  • Ein utfordrande stilling i ein spennande næring
  • Varierte arbeidsoppgåver med utviklingsmoglegheiter
  • Gode forsikringsordning
  • Konkurransedyktige føresetnadar 

Kontor stad er Drageid (Eikelandsosen) og reising må påreknas.

For nærare opplysningar, ta kontakt med Personell/HR leiar Morten Eintveit mob. 908 57 444 eller dagleg leiar Håkon Tombre mob. 414 51 808

Registrer søknad på heimesida vår Tombre.no eller send ein kortfatta søknad med CV og relevante vedlegg på e-post til morten@tombre.no.
Søknadsfrist 31. august 2018


Similar searches: Aquaculture, Norway