Prosjektstilling akvakultur

Vi lyser nå ut eit tre-årig engasjement med mål om å gjere dei marine opplæringsvegane ved skulen super-attraktive for skuleungdom, - og for å gje næringslivet tilgang til dyktige og motiverte medarbeidarar.

Hovudtynga av arbeidet vil vere innan akvakultur og fiske og fangst, inkludert Naturbruksfag som er felles første året for desse fagretningane.

Vi har spanande ting på gong: ein pågåande prosess for å få eit nytt opplæringsfartøy til skulen, planar om utbygging av nye fasilitetar for akvakultur i tilknyting til skulen, tankar om å trekke næringslivet endå meir inn i undervisninga og sterke ynskjer om å etablere samarbeid med relevante FoU-institusjonar. Til dette treng vi ein engasjert medarbeidar som kan vere pådrivar i desse prosessane og bindeleddet mellom skulen, næringslivet og andre relevante aktørar.

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • Kartleggja, planlegg og gjennomføre tiltak som kan bidra til å utvikle eit attraktivt opplæringstilbod for marine utdanning
  • Ha utstrakt kontakt med det marine næringslivet og vere oppdaterte på deira behov
  • Etablere eit samarbeid med næringslivet og det marine FoU-miljø for å vidareutvikle innhaldet i opplæringstilbodet
  • Delta på møter i programgruppa for Rekruttering og kompetanse i Verdiskapingsplanen, og halde desse oppdatert og spele inn tema til diskusjon/avklaring i programgruppa
  • Delta aktiv i arbeidet med å revidere og utarbeide lokale læreplanar i tråd med fornyinga av Kunnskapsløftet
  • Nokre administrative oppgåver

Stillinga vert lyst ut med atterhald om finansiering. Dette vil vere avklara innan 15. oktober 2018.

Du må ha minimum bachelor-utdanning, men kandidatar med relevant erfaring vert også vurderte.

Vi vektlegg:

  • God kjennskap til marint næringsliv – akvakultur spesielt
  • Driv og evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk
  • At du er løysingsorientert og har gode evner til å samarbeide
  • Sett kunnskapsdeling høgt
  • Flink til å kommunisere både skriftleg og munnleg

Den rette vil få lønn etter avtale, gode forsikrings- og pensjonsvilkår og sjølvsagt fleksibel arbeidstid. Fylkeskommunen bidreg også med hjelp til å skaffe bustad og dekking av flytteutgifter hvis du kjem langvegs frå. Arbeidsstaden er Måløy vidaregåande skule i Vågsøy kommune.

For nærmare opplysningar ta kontakt med fagkoordinator ved Næring og kulturavdelinga, Lena Søderholm (tlf. 970 35 449) eller rektor ved Måløy vidaregåande skule, Åsta Navelsaker Røed (tlf. 415 30 837).

Vitnemål og attestar skal leggast fram ved eventuelt intervju.

Søknadsfrist: 1. oktober 2018


Similar searches: Education, Norway, Other