Akvakultur

Arbeidsoppgaver
  • Arbeidsoppgåvene vil dekke heile fagfeltet innen akvakultur. Du vil reise ut til oppdrettsanlegg for å gjere inspeksjonar/revisjonar og prøveuttak. Du får oppgåver med å handtere sjukdomsutbrot, gjere utgreiingar og sakshandsaming.
  • Du driver også med førebygging, opplysning og rettleiing overfor bedrifter.
  • Andre oppgåver kan vere aktuelt ved behov.  
Kvalifikasjoner
  • Du er fiskehelsebiolog eller veterinær med norsk autorisasjon.
  • Du har gjerne relevant arbeidserfaring, for eksempel frå havbruksnæringa eller offentlig forvaltning. Nyutdanna er også velkomen til å søke. 
  • Du snakkar og skriv flytande norsk.
  • Du har førarkort i klasse B.  
Personlige egenskaper
  • Du er lojal og har god forståing for tilsynsrolla.
  • Du har evne til å lytte, rådføre deg med andre og kommunisere proaktivt.  
  • Du er løysingsorientert og kan prioritere arbeidsoppgåver som gjer at du både kan arbeide effektivt og sjølvstendig.
  • Du kommuniserer klart og tydelig, og bruker fagkunnskapen din på ein relevant og konkret måte.  
  • Du er fleksibel, trives med å arbeide i team og samarbeider godt med arbeidskollegaer.
Vi tilbyr
  • Eit meiningsfylt arbeid for deg som er opptatt av fiskehelse.
  • Eit tverrfagleg og støttande arbeidsmiljø, kor det er låg terskel og høgt under taket.
  • Fleksibel arbeidstid. 
  • Stillinga er løna i st.kode 1498, førsteinspektør p.t. kr. 500.000 - 590.000 per år. For særskilt kvalifiserte søkjarar med lang relevant praksis, kan stilling som seniorinspektør, kode 1499 og høgare løn bli vurdert.
  • Gunstige pensjons- og lånevilkår i Statens Pensjonskasse. Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Pensjonskassen.
  • Mattilsynet er opptatt av mangfold og vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidater til å søkje jobb i Mattilsynet uavhengig av alder, redusert funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.

 

  • Ver venleg å opppgje referanser i søknaden.  
  • Vi ber om at du lastar inn vitnemål og attestar som vedlegg.

Similar searches: Aquaculture, Norway