Prosjektleiar for teknologibaserte og berekraftige havbruksløysningar

Me ser ei framtid der befolkningsvekst og auka fokus på helse og klima gjer at berekraftig sjømat vil bli stadig viktigare. For å møta morgondagens behov vil me utvikla ny teknologi som sikrar miljøvennleg, trygg og sunn sjømat for kommande generasjonar.

Eide har vore, og er framleis, blant pionerane i utviklinga av næringa. Men me skal lenger. Me har ein visjon om å sette standarden for framtidas havbruk, og etableringa av Eide Sustainable Marine Technologies er eit av fleire viktige steg for å nærme oss denne visjonen.

Eide Sustainable Marine Technologies er ein sjølvstendig prosjektbasert organisasjon som skal arbeide for å finna og utvikla løysningar for framtidas havbruk. Dette skal me gjere gjennom innovasjonar og teknologi som speler på lag med dei naturgitte forholda i fjord og sjø. For å få det til treng me ein erfaren prosjektleiar.

Om stillinga

Som prosjektleiar skal du setja standarden for framtidas havbruk gjennom utvikling av nye teknologiar. Du har ansvar for prosjektporteføljen i verksemda, og følgjer prosjekta frå idé til utvikla konsept. Prosjekta du leiar innanfor satsingsområda skal føra til:

  • Berekraftig havbruk som spel på lag med dei naturgitte forholda i fjord og hav og fornybare ressursar
  • Lønsame produkt og løysningar for framtidas havbruk
  • Oppfylling av Eide sine strategiske mål

Hovudoppgåver inkluderer:

  • Å sikra god prosjektleiing og gjennomføring A-Å i heile prosjektporteføljen
  • Økonomisk ansvar og styring av prosjektporteføljen
  • Ansvar for at prosjekta i porteføljen blir levert til forventa kvalitet innanfor budsjett og tid
  • Rapportering til prosjektstyret og styret i selskapet
  • Ansvar for koordinering med partnarbedrifter, prosjektingeniørar og fagressursar
  • Laga og følgje opp søknader om innovasjonsmidlar i ulike støtteorgan
  • Å sikra realisering av teknologiprosjekt
  • Å bidra som rådgjevar i forretningsavgjersle og strategiske vegval for framtida

·Å bidra til erfaringsoverføring frå prosjekter til øvrig organisasjon

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

Du er viktig for å realisere visjonen til verksemda, og det er derfor viktig at du identifiserer deg med selskapets verdiar: framtidsretta, lidenskapeleg, uredd, påliteleg og kvalitetsbevisst. Du har lidenskap for berekraft, teknologi, og innovasjon, og evner å tenke heilheit, arbeide målretta og har stor gjennomføringskraft. Næringa er under konstant utvikling, og du må kunne handtere hurtige endringar. Du må være trygg i eiga rolle og ha fagleg tyngde til å handtere større prosjektsatsingar.

Ynskte kvalifikasjonar

  • Erfaring som prosjektleiar og leiing av større prosjekt
  • God kjennskap til og erfaring med å arbeida i innovasjonssytem
  • God erfaring/kunnskap innan prosjektmetodikk og innovasjonsarbeid
  • Erfaring med økonomisk styring og økonomisk ansvar
  • Stor fordel med erfaring/kompetanse innan havbruk/marin teknologi

Me tilbyr

Me har eit motto som seier at det viktigaste er å ha det gøy. Det betyr at du vil komma inn i eit godt miljø der du får faglege utfordringar og kjem til å ha det kjekt på jobb. Du vil ha stor påverknadskraft på framtidas havbruk, og vera med på å skapa ei meir berekraftig framtid. Me har fokus på mål og gjennomføring, og kan tilby fleksibel arbeidstid i ein fast 100 % stilling. I tillegg har me svært gode forsikringar og pensjonsordning.

Hovudkontoret til Eide ligg i Eidestøa i Hålandsdalen, i Bjørnafjorden kommune. Det er 1,5 time køyring frå Bergen sentrum, og ca. 45-50 minutt frå Osøyro. Bjørnafjorden kommune er også ein flott stad å bu om du tenker på å flytte. Spesielt for friluftslivsinteresserte er området eit eldorado med både skog, fjell, og vatn full i fisk. Eikelandsosen ligg 10 minutt unna kontoret, og var kommunesentrum fram til samanslåinga med Os. Her finn du det meste av servicetilbod – mellom anna treningshall, kjøpesenter, og tilbod for barn frå barnehage til vidaregåande skule.

Søknadsinformasjon

Me ynskjer deg velkommen til å sende inn søknad, cv, og relevante dokumenter.I tillegg oppfordrar me sterkt til å sende inn ein kort video der du fortel:

  • Kort om deg og din bakgrunn
  • Motivasjonen din for rolla
  • Kva dine styrker er inn i rolla

Søknadsfrist: 18.01.2021

Om du har spørsmål knytt til stillinga eller rekrutteringsprosessen, ta gjerne kontakt med HR-ansvarleg Lena Bekken: lena.bekken@efb.no, tlf. 913 16 623

For meir informasjon om selskapet, sjå på våre nettsider: www.efb.no


Similar searches: Aquaculture, Norway