Prosjektingeniør for teknologibaserte og berekraftige havbruksløysningar

- Recruiter
- Eide Sustainable Marine Technologies
- Location
- Eidestøa i Hålandsdalen
- Starts
- Closes
- Sector
- Aquaculture
- Job Type
- Full time
Me ser ei framtid der befolkningsvekst og auka fokus på helse og klima gjer at berekraftig sjømat vil bli stadig viktigare. For å møta morgondagens behov vil me utvikla ny teknologi som sikrar miljøvennleg, trygg og sunn sjømat for kommande generasjonar.
Eide har vore, og er framleis, blant pionerane i utviklinga av næringa. Men me skal lenger. Me har ein visjon om å sette standarden for framtidas havbruk, og etableringa av Eide Sustainable Marine Technologies er eit av fleire viktige steg for å nærme oss denne visjonen.
Eide Sustainable Marine Technologies er ein sjølvstendig prosjektbasert organisasjon som skal arbeide for å finna og utvikla løysningar for framtidas havbruk. Dette skal me gjere gjennom innovasjonar og teknologi som speler på lag med dei naturgitte forholda i fjord og sjø. For å få det til treng me ein dyktig prosjektingeniør.
Om stillinga
Som prosjektingeniør skal du setje standarden for framtidas havbruk gjennom å omsetja strategiske satsingar til konkrete løysningar og teknologiar. Du arbeider med heile prosjektporteføljen i verksemda, og følgjer prosjekta frå idé til utvikla konsept. Du vil jobba tett saman med prosjektleiar for å nå dei felles måla om å skapa:
- Berekraftig havbruk basert på fornybare ressursar og dei naturgitte forholda i fjord og hav
- Lønsame produkt og løysningar for framtidas havbruk, og oppfylling av Eide sine strategiske mål
Hovudoppgåver inkluderer:
- Omskapa idéar og visjonar til konsept og konkrete teknologiske løysningar gjennom teknisk modellering, analyse, teikning, og design
- Finna nye mogelegheiter i eksisterande teknologi og løysningar
- Vera rådgjevar og ressursperson i val av materialar, installasjonar, utstyr og verktøy
- Ansvar for dokumentasjon av teknologien som utviklast, mellom anna til bruk i søknadar og rapportering
- Definere og kontrollere kravspesifikasjonar for ny teknologi og innovasjonar
Samtidig vil du ha ei rolle som støttespelar og ressurs for prosjekta og prosjektleiar gjennom å:
- Bidra i val som sikrar ynskja kvalitet, tid og kost på prosjekter
- Vera sparringspartnar for prosjektleiar i vegval og evalueringar av prosjekt
- Bidra til gode søknader om innovasjonsmidlar frå ulike støtteordningar
- Bidra til god overføring frå prosjektering til verdiskapande løysningar og erfaringsoverføring frå prosjekt til øvrig organisasjon
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
Du er viktig for å realisere visjonen til verksemda, og det er derfor viktig at du identifiserer deg med selskapets verdiar: framtidsretta, lidenskapeleg, uredd, påliteleg og kvalitetsbevisst. Du har lidenskap for berekraft og teknologi, og evner å finne og utvikla praktiske løysningar. Du er fagleg dyktig, systematisk, og må kunne arbeide sjølvstendig med stor gjennomføringsevne.
Ynskte kvalifikasjonar
- Høgare teknisk utdanning i relevant fagfelt
- Erfaring med og kunnskap om design, utforming og dokumentasjon av ny teknologi
- Høge ferdigheiter i teknisk teikning
- Sterk matematisk forståing, og erfaring frå kalkulasjons- og berekningsarbeid
- Høge ferdigheiter i bruk av IT og programvare, spesielt for teknisk teikning
- Stor fordel med erfaring frå havbruk og/eller marine konstruksjonar
Me tilbyr
Me har eit motto som seier at det viktigaste er å ha det gøy. Det betyr at du vil komma inn i eit godt miljø der du får faglege utfordringar og kjem til å ha det kjekt på jobb. Du vil ha påverknadskraft på framtidas havbruk, og vera med på å skapa ei meir berekraftig framtid. Me har fokus på mål og gjennomføring, og kan tilby fleksibel arbeidstid i ein fast 100 % stilling. I tillegg har me svært gode forsikringar og pensjonsordning.
Hovudkontoret til Eide ligg i Eidestøa i Hålandsdalen, i Bjørnafjorden kommune. Det er 1,5 time køyring frå Bergen sentrum, og ca. 45-50 minutt frå Osøyro. Bjørnafjorden kommune er også ein flott stad å bu om du tenker på å flytte. Spesielt for friluftslivsinteresserte er området eit eldorado med både skog, fjell, og vatn full i fisk. Eikelandsosen ligg 10 minutt unna kontoret, og var kommunesentrum fram til samanslåinga med Os. Her finn du det meste av servicetilbod – mellom anna treningshall, kjøpesenter, og tilbod for barn frå barnehage til vidaregåande skule.
Søknadsinformasjon
Me ynskjer deg velkommen til å sende inn søknad, cv, og relevante dokumenter.I tillegg oppfordrar me sterkt til å sende inn ein kort video der du fortel:
- Kort om deg og din bakgrunn
- Motivasjonen din for rolla
- Kva dine styrker er inn i rolla
Søknadsfrist: 18.01.2021
Om du har spørsmål knytt til stillinga eller rekrutteringsprosessen, ta gjerne kontakt med HR-ansvarleg Lena Bekken: lena.bekken@efb.no, tlf. 913 16 623
For meir informasjon om selskapet, sjå på våre nettsider: www.efb.no
Similar searches: Aquaculture, Norway