Vi søker 2 erfarne medarbeidare til å jobbe med fiskehelse og fiskevelferd

Vi søker ein veterinær/fiskehelsebiolog som er trygg på faget sitt og trivs med varierte, hektiske og fagleg utfordrande dagar. Du har stort fagleg engasjement for fiskehelse og fiskevelferd. I denne jobben vil du få brukt fagkunnskapen din til å betre helse og velferd hos norsk oppdrettsfisk, samtidig som du er med på å utvikle havbruksnæringa i ei meir berekraftig retning.

Denne jobben må gjerast både på kontoret og ute i felt. Du vil høyre til Avdeling Bergen og omland, Bergen eller Avdeling Sør-Rogaland, Sirdal og Flekkefjord, Sandnes. I Mattilsynet jobbar vi i team på tvers av avdelingane. Arbeidsoppgåvene dekker både tilsyn, sakshandsaming og større tema som gjeld heile akvakulturnæringa.

Mattilsynets visjon er å jobbe for eit samfunn der maten er trygg og dyra har det godt. Vi er ein kunnskapsorganisasjon og legg stor vekt på kompetanseutvikling. Region Sør og Vest har 7 avdelingar. 

Arbeidsoppgåver
  • Du tek prøvar og gjer inspeksjonar/revisjonar på oppdrettsanlegg m.m. 
  • Du jobbar med førebygging og rettleiing
  • Du er med på å gjere utgreiingar, sakshandsaming og utvikling av regelverk og tilsyn
Kvalifikasjonar
  • Du er fiskehelsebiolog eller veterinær med norsk autorisasjon
  • Du bør ha relevant arbeidserfaring, for eksempel frå havbruksnæringa eller offentleg forvaltning, men det er ikkje eit absolutt krav. 
  • Du snakkar og skriv flytande norsk
  • Du er fortruleg med å nytte IKT-verktøy og nye digitale løysingar.  
  • Du har førerkort i klasse B, kontoret disponerer leasingbil.
Personlege eigenskapar
  • Du trives med å arbeide i team, men kan også arbeide sjølvstendig.  
  • Du har evne til å lytte, rådføre deg med andre og kommunisere proaktivt.
  • Du kommuniserer klart og tydeleg, og bruker fagkunnskapen din på ein relevant og konkret måte.
  • Du arbeide effektivt og taklar varierte dagar og eit høgt tempo.  
  • Du er lojal og har god forståing for tilsynsrolla.
Vi tilbyr
  • Eit meningsfylt arbeid for deg som er opptatt av fiskehelse.
  • Eit tverrfagleg og støttande arbeidsmiljø, kor det er låg terskel og høgt under taket.
  • Ein fleksibel arbeidsdag der du kan påverke kor mykje du er ute i felt og inne på kontoret.  
  • Stillinga er løna i st. kode 1498, førsteinspektør pt  kr 510.000 - 600.000 eller som 1499, seniorinspektør avhengig av kvalifikasjonar med løn frå kr 590.000.
  • Som tilsett i staten nyt du godt av gunstige pensjons- og lånevilkår i Statens Pensjonskasse, og du har rettar i samsvar med statleg regelverk og tariffavtalar

Slik søkjer du 

  • Søknaden vert berre mottekne elektronisk via Mattilsynet sitt rekrutteringssystem Webcruiter. Du må registrere deg som brukar før du kan legge inn søknaden. 
  • Vi ber om at du registrerer fullstendig CV, og laster inn vitnemål og attestar som vedlegg.
  • Du må oppgi om du søkjer begge, eller berre den eine av stillingane.

Kontaktinformasjon:

Trine Hellan
Seksjonssjef, Bergen
22779058/97160948

Mona Camilla Fjellstad
seksjonssjef, Sandnes
22778206/93088792


Similar searches: Norway, Other, Regulatory