Driftsteknikar

No er vi på utkikk etter ein dyktig og motivert driftsteknikar til anlegga våre her i Solund.

Viktige arbeidsoppgåver er:

  • Fôring, kontroll og ettersyn av laks
  • Kontroll og vedlikehald av teknisk utstyr, anlegg og båtar
  • Aktivt bruke bedrifta sitt kontrollsystem for fôring og fiskevelferd

Ønskjelege kvalifikasjonar

  • Fagbrev i akvakultur, høgre utdanning innan havbruk eller anna relevant
  • fagutdanning / arbeidspraksis
  • Produksjonserfaring frå matfiskanlegg
  • Gode samarbeidsevner, ansvarleg og påliteleg
  • Godt humør, fleksibel, løysingsorientert og evne til å arbeide sjølvstendig
  • Gode norsk kunnskapar, munnleg og skriftleg


Motivasjon, lidenskap og personlege eigenskapar kan vege meir enn faglege kvalifikasjonar dersom du viser deg å vere «rett person» på Sulefisk-teamet!

Sulefisk kan by på

  • Godt arbeidsmiljø
  • Konkurransedyktige vilkår
  • Moglegheit til å utvikle deg både personleg og fagleg i eit av næringa sine mest innovative selskap


Skriftleg søknad med CV kan sendast til:
Sulefisk AS, v/ Michael Niesar, Eide, 6924 HARDBAKKE
evt på e-post til: post@sulefisk.no
Søknadsfrist: 24. november 2017
Velkommen som søkjar!


Similar searches: Aquaculture, Norway